Kjernekraft slit med popularitetsproblem, skriv NRK. Med kunnskapsformidling om kraftforma vil nok ikkje dette være eit hinder for implementering, også i Noreg.

Kjernekraft skal visst være uaktuelt i Noreg står det i saka sju grunner til at Norge kan trenge mer vindkraft på NRK.no 9. februar. Klimaforskar Bjørn Samset frå Cicero får uimotsagt fortelje at kjernekraft er dyrt, vanskeleg og politisk uaktuelt. Ikkje heilt ulikt andre energikjelder der altså.

Særeige for kjernekraft, som artikkelen påpeikar, er høge investeringskostnader. Men som alle veit er det langt fleire variablar i eit budsjett enn berre investeringskostnaden. Det kostar for eksempel lite med få vindkraftverk, men når andelen vindkraft på nettet aukar har kostnadane for nettutbygging, vedlikehald og styring ein lei tendens til å skyte i været. Kostnadane for samfunnet ved at verksemder vel bort etablering i Noreg til fordel for andre land som har føreseieleg energitilførsel og straumpris, vil også kunne bli vesentlege. For ikkje å snakke om kostnadane for ekstra kraftverk som må ligge på lur og vente til vinden ikkje bles, eit problem som må ventast når Noreg blir meir og meir integrert i den Europeiske kraftmarknaden. Fornuft skulle tilseie at eit påliteleg system som leverer uavhengig av været og lenge etter vindturbinane må bytast ut, er å føretrekke.

Kostnadane for urørt natur, stykkprisen for havørn og deponering av enorme mengder kondemnerte vindturbinar er også utfordrande å anslå. Ei rekning i ei eller anna form ender til slutt opp hos nokon.

Men å redde klimaet er jo ikkje nødvendigvis noko vi gjer fordi det er gratis, og noko vindkraft i straumnettet kan jo være greitt. Problemet er at det er tydeleg at mengda vindkraft i Europa kjem til å auke kraftig dei neste tiåra, samtidig som kjernekrafta er upopulær og fasast ut i fleire land. Dette fører til ustabilitet og behov for basiskraft, som oftast i form av fossil kraft. Som nemnd av Stina Johansen frå NordPool på NRKs Debatten torsdag, er det blant anna tysk kolkraft som dekkjer basiskrafta i Europa når det ikkje bles, ei basiskraft som stadig mindre dekkast av kjernekraft. Noreg har her høve til å demonstrere at kjernekraft er vegen å gå, og på den måten seie tydeleg ifrå til resten av Europa om at finst er eit langt betre alternativ enn kol- og gasskraft.

Vidare forklarar artikkelen at dei praktiske utfordringane gjer seg gjeldande ved at vi ikkje allereie har kjernekraft i Noreg. Når dei fyste oljefunna blei gjort i Nordsjøen, hadde vi heller ikkje kompetansen vi trengde for å hente opp olja. Den gongen kunne vi også vald å trekke på skuldrane og sei at “nei, dette har vi aldri gjort før, så dette får vi berre gje opp”. Då hadde vi vore nokre tusen milliardar kornar fattigare i dag. I staden er vi verdsleiarar i feltet.

Og det er flust av politiske humpar i vegen for utbygging av vindkraft, og for så vidt kraft frå dei fleste kjelder. Samstundes er den norske kraftforbruket venta å auke dei neste tiåra. Estimata til NVE og Statnett sprikar noko, men ei auke på rundt 50 TWh fram mot 2050 kan nok leggast til grunn. Dette er ei auke på rundt ein tredjedel av dagens nivå, og det er rimeleg å forvente ei auke også etter 2050.

Ein plass må krafta komme frå. For å finne ut av kor, er det ikkje rimeleg å starte med ei kjelde vi likar betre enn ei anna, men krava vi stiller til den. Og her er vi nok einige. Krava må innebere loge klimagassutslepp, høg tryggleik, logt forbruk av materialar, lite naturskade og rimeleg pris. Desse openberre krava er det kjernekraft som tilfredstillar aller best. Om norsk media er villige til å formidle dette til befolkninga, som i all hovudsak er velsigna med sunn fornuft, er vi sikre på at dei politiske hindringane vil fordufta.

Skrevet av Steffen Oliver Sæle og Henrik Berg som svar til NRKs artikkel “Sju grunner til at Norge kan trenge mer vindkraft”.